Vikeså Veiservice – husmannskost eller ein saftig burgar!
På Vikeså Veiservice (ESSO), kan du få servert tradisjonelle middager som kjøttkakar, komle og sursteik. I tillegg får du sjølvsagt ein saftig hamburger, biffsnadder, smørbrød, salater og mykje meir. Med god plass både inne og ute er dette eit naturleg stopp for ein pause og litt påfyll.
I tillegg til å vera ein fullservice stasjon med drivstoff, ladestasjon, kafe og kiosk, kan dei òg tilby døgnåpne toalett, bobiltømming, fiskekort og fiskeutstyr til fiske i Bjerkreimselva
Vikeså Veiservice fungerer og som turistinformasjon for Bjerkreim kommune. Der kan ein til dømes få brosjyrar med informasjon om aktivitetar og tilbod i området.
0 kommentarer