Gruvesafari i Ørsdalen!

Gruvedrifta kom i gang oppe på Hovlandsheia på sørsida av Ørsdalen like etter år 1900. Det vart leita etter mineralane molybden og wolfram. Engelskmennene starta stordrift i 1905, men gjekk konkurs etter berre tre år. Nye eigarar satsa på ny, men måtte gje opp i 1912. På slutten av 1. verdskrigen var det god etterspurdnad og høge prisar på metall. Då arbeidde det over 100 mann i gruvene. Under 2. verdskrig vart det på ny leita etter drivverdige forekomstar, men arbeidet stoppa opp, og gruvedrifta vart aldri kommersialisert.

Sommaren 2017 opna gruvene på ny for publikum! Dette er ei unik oppleving av det som kunne blitt eit industrieventyr i Ørsdalen.

Kvar søndag i juli og august seiler M/K Ørsdølen frå Odlandstø til Ørsdalen med guida buss opp til gruvene. Mer info her.

NB: Sommeren 2020 blir det på grunn av corona – restriksjoner ingen turer med M/K Ørsdølen

Parkering og adkomst til gruvene:

Like ved den gamle turistheimen der vegen går over i grus-underlag. 

Kategorier: Verd å sjå

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

nb_NONorwegian
nb_NONorwegian